|
Karin Sveen |
| Mannen i Montgomery Street | |
|
Rik reise til lova land
Karsten Alnæs - Dag og Tid - 2011 Ei fascinerande, nesten besetjande historie, lagd fram som ei detektivforteljing. I boka Mannen i Montgomery Street følgjer Karin Sveen spora til den norske emigranten Peder Sæther frå inngangsportalen til universitetet i Berkeley, som har fått namn etter denne mannen, og tilbake til fødestaden hans i Odalen. Så gjev ho eit portrett av livssoga hans: fødsel på Nordstun i Odalen i 1810. Drog over havet til New York 22 år gammal, begynte som pengevekslar og bankmann, gifta seg, fekk fem barn, knytte ein livslang venskap og partnarskap med ein av dei som vert rekna blant grunnleggjarane til Wall Street, og reiste, sterkt svekt av lungesjukdom, 41 år gammal, til det solrike California, der han grunnla ein filial til verksemda i New York i Montgomery Street i San Francisco. Det vart ein økonomisk og sosial opptur, og Karin Sveen følgjer noggrant emigranten på vegen mot suksessen, først som pendlar fram og tilbake mellom San Francisco og New York, seinare omgjeven av den tilflytta familien og med aukande respekt frå omgjevnadene, gjennom framgang, familiesuter og tragediar, i ei verd som stendig endra seg. Detektivforteljing Kva slags kjensler hadde eigentleg denne mannen som aldri skreiv noko personleg til broren på den andre sida av havet, som mista den sonen som var etla til å bera verksemda hans vidare? Kom han nokon gong nær den tilknepte første kona si, Sarah, som drygde i eit over førti år langt ekteskap, mens etterfølgjaren hennar, Jane, og kan henda livslukka hans sprudla og gledde han i berre fire? Av Sarah gjev forteljaren følgjande miniportrett: «Hun ser ut til å være på feil sted, skeptisk, sammenbitt og urokkelig, av grunner ingen kan kjenne.» Sveen spør, tek omvegar, funderer, tek sine eigne røynsler og opplevingar inn i soga og skriv difor ikkje berre ein biografi, men eit essayistisk, mangfelt portrett, ja, teiknar eit stykke på veg også eit varsamt bilete av seg sjølv. Korleis var barndomen: «Humler i engene om sommeren, susende ljåer, rimete vegger om vinteren, fyring, ved jernovnen ei vedkasse, fin å sitte på for småunger med neglesprett.» Dette er dikting. Treffsikre impresjonistiske samanpressa bilete. Slike er det mange av. Som da han kjem til New York: «Det siste kaptein Samson så av Peter Sæther, var ryggen hans mens han sto på kaia og akkederte med en kusk om skyss. Deretter ble han borte mellom pakkhusene, og bare klakkinga fra hestehovene og knirkinga fra vognhjulene mot brusteinene kunne høres.» Brukar seg sjølv Så trer forfattaren inn på scena: «Hver gang jeg har vært i San Francisco, har jeg lagt veien om Montgomery Street, også i dag ei betydelig finansgate, full av høyhus og djupe skygger, banker og evig blåst. Under asfalten ligger det et seilskip fra 1800-tallet, og slik har det ligget siden havnebassenget allerede den gang ble fylt opp. Men over skinner den samme sola, og regnet faller som det gjorde da, regndråper store som små egg, knust mot ansikter og hender.» Høgdepunktet Om eg no legg til at boka også kan lesast som eit innlegg for lærdomskulturen og dei humanistiske faga, der portalen på universitetet i Berkeley ber eit norsk namn, så skjønar ein at dette er ei uvanleg mangfelt og rik bok, av eit slag det sanneleg ikkje finst mange av i norsk bokheim.
|
|
|
|
|
| Biografi Oppdrag Bibliografi Forside | |
|
|
|
|
Design Kihl
|