|
Karin Sveen |
| Frokost med fremmede | |
|
Strålande amerikanske dygder.
Ottar Fyllingsnes - Dag Og Tid Kvifor importerer Noreg berre Skrap-Amerika? Kvifor importerer me berre dritfilmar og dritkultur? Kvifor vil me berre ha søppelet? Kvifor vil me ikkje ha det som er strålande? Kvifor vil me ikkje ha den radikale opposisjonen? Kvifor vil me ikkje ha dei fantastiske amerikanske dygdene? - Den gongen visste eg knapt kva eit forlag var, berre at det låg i Oslo. Me hadde ikkje telefon heime, se eg måtte på Telegrafen for å finna namnet på eit forlag i telefonkatalogen. Der fann eg eit forlag, men eg hadde ingen tankar om at eg skulle verta forfattar. Skrivinga var noko eg dreiv med for meg sjølv, og slik er det framleis - på eit vis. I 1975 debuterte Karin Sveen som lærar i Brumunddal og som poet på Cappelen. Seinare studerte ho, men braut av før ho var ferdig med hovudfaget. - Det vart skriving i staden. Om det var bra, veit eg ikkje. Kanskje hadde det vore betre å halda fram med studia. Men i dag angrar eg ingenting. Eg er svært nøgd både for at eg lever, og for den måten eg lever på... - Men debutboka vart ein suksess? - Boka fekk utruleg fin mottaking. På meg kom det heilt uventa. Eg fekk nærast sjokk. Boka førte til at journalistar frå hovudstaden tok drosje til Hamar for å laga intervju med debutanten på landsbygda utanfor Hamar. Den første boka førte til mange oppdrag og opplesingar. - Det sette eg pris på, men på eit vis framstod den litterære verda som ei overklasseverd. Også journalistane tilhøyrde dei fine - med andre og dyre vanar enn det eg var van med. For meg var det nytt med fine middagar og dyre vinar. For ein som var vaksen opp i ein pietistisk arbeidarklassefamilie av fråhaldsfolk, var det ein total livsstilskollisjon. Heime var folk nøysame, og dei snakka lågt. Dei ytre endringane som debuten medførte, forandra ingenting. Det er skrivinga, lesinga og tenkinga som endrar livet ditt. Men det var moro å koma ut, lesa opp og prata med folk. Ingenting er finare enn å få setja ord på slikt som også andre ber på. - Debuten gav meirsmak? - Sjølve skrivinga inneber ikkje noko brot med den kulturen eg kjem frå. Heime fanst det ein litterær kvalitet i det munnlege språket. Folk snakka ikkje så mykje, men formuleringane kunne vera svært gode. Den vesentlegaste skilnaden på meg og dei, var at eg skreiv det ned. Det var snakk om ein fantastisk arv, men i dag løner ikkje denne uttrykksforma seg. Det språket folk flest brukar, gjev inga avkastning. - Den mentaliteten måtte eg bryta med, men sidan har det skjedd ei endring. I dag er det slik at ein skal by seg fram allereie frå treårsalderen. Det har vore eit totalt kulturskifte i synet på kva som gjer deg verd noko som person. Litteraturen har alltid vore middelklassen sitt felt, og der forvaltar dei ein individualitet som me kanskje kunne sakna i vår verd - og omvendt. Sveen debuterte på 70-talet, og den gongen vart store delar av den norske venstresida rekruttert frå middelklassen. - Korleis stilte du deg til 68-arane? - Eg kunne ikkje gjera opprør mot dei arbeidarane som heile venstresida hylla. Det var umogleg å gjera opprør mot far min som arbeidde på ein plateverkstad; å hetsa han for at han medverka til at eg fekk utdanning; at han brukte heile løna si på at eg skulle kjøpa latinsk ordbok til bruk på katedralskulen. Det hadde vore både fadermord og sjølvmord. - Vart du ståande på sida av venstresida? - Foreldra mine var politisk medvitne Ap-folk. Begge hadde dei vakse opp i stor naud i 30-era. Den politiske interessa var sjølvsagt for meg, og eg ønskte å engasjera meg. Mor mi var 17 år de ho var med på å starta Bekledningsarbeiderforbundets lokallag i Hamar. Ho arbeidde på skjortefabrikk og sydde fana til forbundet. Då eg skulle engasjera meg politisk, gjekk eg først til AUF, men tykte at det der berre handla om festing, tull, tøys og lite om verkeleg politisk engasjement. Sjølv om eg sosialt høyrde heime der, kjende eg meg ikkje heime intellektuelt. Difor gjekk eg til SF-SV, men heller ikkje der var eg heime. Likevel var Karin Sveen aktiv i SV i ein periode. Ho sat i bystyret pe Hamar og var aktiv i skulepolitikken, men kjende seg ikkje heime blant mellomklasselektorar og kunstnarar. Heller ikkje kuturradikalismen var det rette. - Sjølv om eg voks opp i ein arbeidarfamilie som er utan noko spesielt tilhøve til kyrkja, reknar ein med at folk har ei ånd og eit indre, men kulturradikalismen og den liberale venstresida avfeia dette. Det syntest eg var fattigsleg, og på 80-talet melde eg meg ut av SV. Eg kunne aldri forsona meg med at venstresida utropte Ap som sin hovudfiende. Det var heilt forferdeleg. Eg kunne ikkje delta på møte der det som hadde vore grunnlag for heile min eksistens og mi utdanning, vart fråskjelt. Det var som eit forræderi for meg. - Men på 80-talet vart du tilbydd førsteplassen hjå Hedmark SV ved stortingsvalet? - Eg vart overraska då dei spurde, men takka nei. Eg har aldri vore ute etter slikt som kan føra til karriere, verken i politikken eller litteraturen. Å skaffa seg allmennkunnskapar så ein kan verta ein opplyst medborgar er framleis det overordna målet for meg, men i dag handlar nesten alt om å gjera karriere. Rett nok finst det mange heiderlege unnatak, men denne utviklinga fører til inkompetanse på høgare nivå i samfunnet. Slik vert det når karrieren er målet, ikkje kunnskapen og arbeidet. Ein profesjonell snikkar på høgt nivå tenkjer ikkje på karriere; han tenkjer på å gjera ein god jobb. Det er fantastisk mange fine ideal i den kulturen me har lagt bak oss. Nøysemd er ein strålande eigenskap. - Er det nokon som praktiserer nøysemd i dag? - Ja, det finst låglønte, og me har den generasjonen som heldt på å gå i grava. Dessutan finst det tradisjonar for nøysemd innanfor den opplyste delen av middelklassen. Eg har sett mange aktverdige døme på nøysemd - trass i at folk er velståande. Karin Sveen er glad for den nye regjeringa, og at Ap har justert kursen i høve til den førre Stoltenberg-regjeringa. - Mange av statsrådane er dyktige, men eg er svært skeptisk til den skulepolitikken dei legg opp til. Det er ikkje mogleg å gjennomføra ei klassereise utan ein kunnskapsskule, og den skulen ein har i dag, fører til det reine idiotiet. - Du har ingen forventningar? - Jau, at dei lærer av Kristin Clemet når det gjeld synet på kunnskap. Det er ikkje reaksjonært å læra ungane å sitja stille og høyra ein vaksen tala. Men når ein seier opp lærarane, og let ungane læra seg sjølve, har ein sagt definitivt farvel både til kunnskap og lærarar. Det katastrofale er at ungane ikkje får nokon sjanse til å koma seg bort frå både underklasse og kunnskapsløyse. Dei som ikkje får kunnskapen med seg heimanfrå, vert taparar i skulen. - Du har meir sans for Clemet enn Øystein Djupedal? - Ja, eg er til og med tilhengjar av nasjonale prøvar. Utan at elevane har eit krav hengjande over hovudet når dei byrjar i 1. klasse, får dei ikkje lært noko som helst. Det er mange døme på at universitetsstudentar ikkje kan skriva skikkeleg. - Skulen har vorte dårlegare? - Ja, heilt forferdeleg! Skal ein gjennomføra ei klassereise, bør ein i dag helst gå på private skular. Eg har snakka med mange gamle arbeidsfolk som ville ha sendt ungane sine til privatskular, og det kjem av den dårlege standarden på offentlege skular. - Kva bør utdanningsministeren gjera? - Han bør la ungane skjøna at å læra dreiar seg om hardt arbeid. Det nyttar ikkje å modnast som menneske utan ein har eit fundament Å modnast pÅ. I dag er utdanningssystemet tilgjengeleg for alle, men ikkje kunnskapen. Der finst framleis ein privilegert klasse, den intellektuelle klassen, som forvaltar kunnskapsprivilegiet. - Du spÅr at med Djupedal kjem det til Å gÅ galne vegen? - Ein kan ikkje vera utan voner i det rikaste landet i verda, men me mÅ kanskje byrja tenkja annleis bÅde i hØve til pedagogikk og oppseding. Det siste Året har eg budd i USA, og der er goda svært ujamt fordelt. Når ein kjem tilbake til Noreg, der velstanden er stor og dei aller fleste har eit tryggingsnett, vert ein sjokkert over kor sjølvsagt nordmenn oppfattar dette. Men kanskje er det teikn til ei betring ner Lærarlaget har byrja å snakka om kunnskapsskule. Kanskje lærarane innser kor langt det har gått når også dei vert offer for den skakkøyrde skulen; ein skule der kvart femte lærar har vorte valdeleg angripen av elevar det siste året. Og det er ikkje av di elevane har vorte meir valdelege, men av di heilt sentrale verdiar i all omgang med ungar har vorte totalt forsømt på alle hald, seier Sveen - og legg til: - Eg snakkar som ein gammal moralist, og det er eg. Det finst verdiar som eg absolutt står for! - Då Klassereise kom ut i 2000, levde me på mange vis framleis i 90-talet, og eit ord som "klasse" vart fullstendig uhøyrt. Då eg fortalde at eg var i gang med å skriva ei bok der det handla om arbeidarklassen, rista mange i det litterære miljøet på venstresida på hovudet. Til og med ml-arar gjorde det. Ein snakka ikkje om klasse lenger! Den slags hadde dei lagt bak seg. Dei var meir opptekne av jogga og koma seg vidare med karrieren. Eg kjende det som eg gjorde noko utruleg einfaldig og avleggs då eg byrja på boka, men det var på 90-talet. I det nye tusenåret har klimaet endra seg. Me ser at skilnadene har auka sterkt over heile verda, og det har medverka til å setja sosiale spørsmål på dagsorden på nytt. Dermed har det vorte lettare å diskutera klassereiser. Etter at boka mi kom ut, fekk eg svært mange oppdrag. I to år heldt eg foredrag om boka, men det er svært rart at ikkje nokon på venstresida brydde seg om henne. - Du hadde ikkje fordommar mot amerikanarane? - Nei, dei kan omgeast folk. Det har me slutta med her i landet for lenge sidan. Når det gjeld livsstil og sosialt liv, var det nesten som å vera tilbake til 50-talet her i landet. Der opplever ein sterk vilje til å arbeida, til nøysemd, flid og å vera høfleg. Der har me svært mykje å læra! I den nye boka reflekterer Sveen omkring dei mange formene for "tilhørighet". - Mange har ei sterk kjensle av å høyra til på ein stad. Somme har det meir enn andre, som bønder og fiskarar, men i dag høyrer dei fleste til på fleire stader. Å høyra til dreier seg ikkje berre om ein geografisk stad, men like mykje om andre ting. Felles interesser og sosialt fellesskap kompenserer gjerne for at ein har mista kjensla av å høyra til på ein bestemt stad. Andre ting tel meir, pluss at ein tilhøyrer fleire stader. Arbeidskameratar kan dei fleste ikkje snakka om lenger, ettersom folk skiftar arbeid så ofte. Dessutan er ein ikkje kameratar, men konkurrentar. Likevel kan ikkje folk leva i eit sosialt tomrom. Viss det i dag verkeleg finst ei større søking mot å høyra til, kan det vera eit uttrykk for at me har drive individualismen for langt; at me har skore av alle band bede til stader og andre menneske. Å oppleva at du ikkje høyrer til, er ein av dei mest truga situasjonar du kan vera i. - I eit samfunn der kunnskap og intellektuelle evner har så høg status, er det klart at dei som ikkje lukkast fort vert oppfatta som folk som ikkje har dei intellektuelle ressursane som trengst. Det er lett for at inntrykket av ein fattig og dum underklasse skal festa seg. Samfunnet skil stadig meir mellom dei som har høgare utdanning og andre. Det er skummelt at me har fått nyfattige som har falle ut av skulen, og som dermed har vorte dytta utfor. I gamle dagar kunne du tena ei årsløn utan å ha fullført folkeskulen. No er det nesten umogleg. Dette seier noko om oss som har skule og utdanning. Det er vårt problem. Eg kjenner mange som lever på botnen av samfunnet, og som føler det som om dei er i ferd med å mista alt dei hadde av sjølvkjensle. Ikkje minst på grunn av den uuttalte forakta dei kjenner frå oss andre. Det fører til at dei ikkje torer gå i selskap der det er andre med litt meir status. Både i Noreg og USA er dette det usynlege folket, "the working poor". Dei er ikkje late, men dei kjenner seg utanfor. Bak dette ligg det eit alldeles forferdeleg menneskesyn. Eg har nesten ikkje ord for kor fælt det er. For oss er det ei utfordring å gjera noko med det. - Du merkar ei slik forakt blant norske intellektuelle? - Ja, ei ibuande sosial forakt, og det er nedslåande, men forakta kan etter kvart slå begge vegar. Den som er mest forakta, greier ikkje å forakta. Ein treng eit sterkt eg for å greia det. I sosselandet Noreg bed dei som har falle utanfor berre om alminneleg respekt. Ikkje noko meir!
|
|
|
|
|
| Biografi Oppdrag Bibliografi Forside | |
|
|
|
|
Design Kihl |